{"product_id":"soppdyrkekurs-i-bergen-hos-stene-matglede","title":"Soppdyrkekurs i Bergen, hos Stene Matglede","description":"\u003ch2 style=\"white-space: pre-wrap;\"\u003eNybegynnarkurs i dyrking av østerssopp med Erlend og Helene frå Hella Sopperi og Anne Lill frå Stene Matglede.\u003c\/h2\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003eKan ein verkeleg dyrke matsopp heime? Ja! På dette kurset lærer du korleis du enkelt kan dyrke din eigen østerssopp utan dyrt eller avansert utstyr.\u003c\/p\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003eGjennom ein kombinasjon av teori og praktisk arbeid får du lage din eigen dyrkepose som du tek med heim. Du kan velje mellom \u003cstrong\u003eblå eller rosa østerssopp\u003c\/strong\u003e, og etter kurset vil du ha kunnskapen du treng for å dyrke sopp til eige bruk.\u003c\/p\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003eMen dette er meir enn eit dyrkekurs.\u003c\/p\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cem\u003eAnne Lill frå Stene Matglede\u003c\/em\u003e deler tips og idéar til korleis du kan bruke soppen på kjøkkenet, frå enkle kvardagsrettar til smakfulle smårettar. Undervegs blir det servert smaksprøver som viser kor allsidig og god østerssopp kan vere.\u003c\/p\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003e\u003cem\u003eProgram for kurset:\u003c\/em\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cul data-rte-list=\"default\"\u003e\n\u003cli\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003e\u003cem\u003eLitt om Hella Sopperi\u003c\/em\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003e\u003cem\u003eIntroduksjon til soppdyrking og dyrkeprosessen\u003c\/em\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003e\u003cem\u003ePraktisk dyrking del 1\u003c\/em\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003e\u003cem\u003eSmaksprøver og prat om bruk av østerssopp i matlaging\u003c\/em\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003e\u003cem\u003ePraktisk dyrking del 2\u003c\/em\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003e\u003cem\u003eKorleis passe på soppen heime\u003c\/em\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003c\/li\u003e\n\u003cli\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003e\u003cem\u003eTips til vidare dyrking og utstyr\u003c\/em\u003e\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003c\/li\u003e\n\u003c\/ul\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\"\u003eDette kurset kombinerer praktisk soppdyrking med matfagleg inspirasjon, slik at du både lærer å dyrke soppen og får idéar til korleis du kan nyte den når den er klar til hausting.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eTid og sted\u003c\/strong\u003e: 29. oktober kl. 18-20 i Rogagaten 26\u003c\/p\u003e\n\u003cp style=\"white-space: pre-wrap;\" class=\"\"\u003e\u003cstrong\u003eKurset inkluderer\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cul\u003e\n\u003cli style=\"white-space: pre-wrap;\"\u003eDyrkepose med valfri blå eller rosa østerssopp\u003c\/li\u003e\n\u003cli style=\"white-space: pre-wrap;\"\u003eRåvarer og utstyr som trengst\u003c\/li\u003e\n\u003cli style=\"white-space: pre-wrap;\"\u003eRettleiing frå Hella Sopperi\u003c\/li\u003e\n\u003cli style=\"white-space: pre-wrap;\"\u003eTips til bruk og tilbereding frå Stene Matglede\u003c\/li\u003e\n\u003cli style=\"white-space: pre-wrap;\"\u003eSmaksprøver laga med sopp frå Hella Sopperi\u003c\/li\u003e\n\u003cli style=\"white-space: pre-wrap;\"\u003eDyrkepose som kan gi om lag 1 kg ferdig sopp\u003c\/li\u003e\n\u003c\/ul\u003e\n\u003cp style=\"text-wrap-mode: wrap;white-space-collapse: preserve;\"\u003eObs: Kjøpte billetter refunderes ikke.\u003c\/p\u003e","brand":"Hella Sopperi","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":43710623187018,"sku":null,"price":1100.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0642\/8858\/7850\/files\/soppdyrkekurs-hos-hella-sopperi-3110102.png?v=1780911368","url":"https:\/\/butikk.hellasopperi.no\/products\/soppdyrkekurs-i-bergen-hos-stene-matglede","provider":"Hella Sopperi","version":"1.0","type":"link"}